VASSENDGUTANE lørdag 24 september (Tiendebytte) kl 21.00 i Mosjøhallen. Stor Restaurant og stort Dansegulv

kr 495,00

Kategori:

Beskrivelse

Etter flere stappfulle hus i Mosjøen blir det endelig et gjensyn med Vassendgutane! Det blir allsang, stort dansegulv og stor Restaurant. Velkommen 🙂

I 1996 samla 6 unge friske karar seg på Ungdomshuset i Åmdalen i Ørsta til den fyrste øvinga i Vassendgutane si tidsreise.

Etter ei tid med mange øvingar med sjølvaste Teddy Nelson som motivator kom fleire nye låtar til, som karane sjøle laga. Etter som tida gjekk fekk Vassendgutane stadig spørsmål om kva stilart musikk dei spela? Slik blei varemerket “Fest-country” laga. Og dette blei slagordet om stilen til Vassendgutane.

Sidan den tid, kan ein trygt seie at ting har hatt den rette utviklinga. Andre nyttar også i dag stilarten Fest-country, og det er kjekt seier karane i Vassendgutane. I 2021 er Vassendgutane blitt ei merkevare, og det leiande bandet i Norge i dette segmentet. Bandet opptrer over heile vårt vidstrakte land til glede både for seg sjølve og eit lojalt trufast publikum.

I år er det 25 år sidan Vassendgutane blei stifta. På grunn av at pandemien har sett ein strek over eit stort antal konsertar har vi bestemt at vi kjem til å feire i 2022 også.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “VASSENDGUTANE lørdag 24 september (Tiendebytte) kl 21.00 i Mosjøhallen. Stor Restaurant og stort Dansegulv”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.